Gåvemidlar til fjordhesten 2022

For kvar Fjording-flaske som selgast set vi av midlar til gode fjordhestføremål. Éin amerikansk dollar for kvar standard 50 cl-flaske, og éi krone for kvar miniflaske. Eit lite, men velmeina bidrag til at den unike kulturbæraren og vakre gledesspredaren skal ha livets rett også i framtida.

Totalt sett blir det delt ut 135.000 kroner til verdige mottakarar i inn- og utland etter Fjording-salget i 2021.

Alle mottakarane har enten sørga for framifrå marknadsføring av fjordhesten, sørga for at hestane har det ekstra godt, og/eller stimulert til bruk av fjordhesten blant barn og ungdom - slik at det stadig veks opp nye ambassadørar for nasjonalskatten vår.

Følgande organisasjonar får gåver i år:

  • Sunnfjord Fjordhestlag - 20.000 (arrangørstøtte til fjordhest-NM 2022 på Mo)

  • Norges Fjordhestlag - 20.000 (premiepengar til Hingsteutstillinga på Nordfjordeid 2023)

  • Aktivitetsutvalget i Norges Fjordhestlag - 20.000 (reisestøtte til deltakarane under EM i fjordhest i Danmark juli 2022)

  • Oslo og Akershus Fjordhestlag - 15.000 (støtte til aktivt lokallag; midlar til kurs eller andre aktivitetar)

  • Taffsnäs Gård, ein besøksgard med imponerande fokus på fjordhest ved Gnesta i Sverige - 15.000 (til nytte for hestane og dei besøkande på garden)

  • Norges Hovslagerforening - 15.000 (støtte til vidare formidling av viktig fagkunnskap)

  • Norsk Fjordhestgard på Breim - 25.000 (prosjektstøtte driftsbygning)

  • Norges Fjordhestlag - 5.000 (streamingteneste under Hingsteutstilling 2022 - Spleis-kampanje)

Takk til alle som smakte og kjøpte Fjording i løpet av fjoråret. Samtlege edle dråpar har bidratt til gåvemiddelpotten :)

Med beste helsing
Øyvind Løkling (og NM-gullvinnar Lerkvinn)

Foto: Gunnar Garfors, Vestlandet - Bortom allfarveg

Foto: Gunnar Garfors, Vestlandet - Bortom allfarveg


Fått med deg resultata frå SFWSC 2022?