Forbereder oss på bratt vekst
Fjording har raskt blitt eit selskap som har bevega seg frå draum til realisering - og no står føre ein bratt vekst. Mest truleg. Det er i alle fall det eg og Fjording sitt styre reiknar med, og planlegg utifrå.
Vi ser nemleg på volumet som dei tradisjonelle konkurrentane innan kremlikørsegmentet leverer per i dag. Merker som Shannon's, Country Lane og Dooley's selger 35.000-45.000 liter kvar på Vinmonopolet årleg. Dette tilsvarar 70-90.000 0,5-litersflasker - som er størrelsen Fjording opererer med. Markedslederen Baileys hadde aleine ca 400.000 liter på polet i 2017. Hotell- og restaurant og tax free-markeda kjem på toppen av dette.
Fjording forventer å ta markedsandeler frå alle desse aktørane. I tillegg kjem vi til å utvide kategorien gjennom å tiltrekke oss andre typar kundar. Fjording har også potensiale til å slå an som gåveartikkel, der ingen av dei andre kremlikørane er posisjonert i dag.
Ergo må vi rigge oss for ein produksjon på fleirfoldige titusen flasker i 2019. For å takle denne veksten på ein god måte, ønsker vi å bringe inn meir aksjekapital til Fjording AS. Vi startar difor ein ny emisjonskampanje den 21. september. Kapitalen er også tiltenkt styrking av salgsapparat, produktutvikling og førebuing til internasjonalisering.
Kven vil vi ha inn som investorar?
- Jau, Folket
For å ha sjanse til å oppnå eit såpass stort salgsvolum i Norge er det éin primærfaktor som gjeld; hylleplass på Vinmonopolet. Hylleplass er noko ein får tilstrekkeleg av når ein kjem inn i basissortimentet til Vinmonopolet. Men for å komme dit må ein først sørge for at det blir nok Fjording-etterspørsel i butikk eller bestillingar av produktet i nettbutikken. Det er inga mulighet å "kjøpe seg" hylleplass.
Per i dag har Fjording AS 30 kule aksjonærar. Dette er folk som ønsker selskapet vel. Dei snakkar varmt om produktet vårt til naboar og kollegaer, og dei er oppriktig engasjerte i Fjording. Dette merkar vi effekten av. Aksjonærane opererer som merkevareambassadør som bidreg til interesse for Fjording.
Positiv vareprat frå engasjerte ambassadørar kan vere med å oppveie for dei strenge markedsføringslovene som selskapet må forholde seg til i heimemarkedet. Det bidreg til kjennskap og nysgjerrighet ute blant folk.
Av denne enkle grunn, ønsker vi oss heller mange nye, engasjerte "folkeaksjonærar" i staden for éin stor, profesjonell investor i denne emisjonen.
Samarbeid med folkeinvest.no
Tradisjonelt har det vore vanskeleg å få til brei folkefinansiering, eller crowd funding, av oppstartsbedrifter i Norge. Det har vore krevande å dukke opp på radaren til folk som ønsker å investere i nye idear og konsept. Men no skjer det saker og ting!
Ein av aktørane som kan ta æra for denne positive utviklinga er Folkeinvest. Det Trondheimsbaserte selskapet har som filosofi å forenkle prosessen ved kjøp og salg av aksjar i små vekstselskap. I skrivande stund har det blitt gjennomført 10 vellykka emisjonskampanjer via portalen, med ei samla investering på 23,5 millioner kroner.
Fjording følte umiddelbart vi var på samme bølgelengde som teamet i Folkeinvest. Dei delte vår entusiasme for brei aksjonærsamansetning. Fredag 21. september kickstartar vi difor emisjonskampanjen vår der.
Vi gler oss mykje til samarbeidet med denne profesjonelle og dyktige gjengen. Følg med her på fjording.com, og registrer deg gjerne på folkeinvest.no dei komande vekene (er gratis og uforpliktande), dersom du kunne ha interesse av å bli medeigar i Fjording. Du er hjerteleg velkomen!