Fjording-gåver på 175.000,-

Salet av Fjording kremlikør auka i fin takt frå 2019 til 2020. (Detaljane om det kan lesast i denne bloggposten).

Veksten betyr at summen som Fjording AS fordeler til gode fjordhestføremål også aukast.

Vi som står bak Fjording-likøren har bestemt at det settast av 1 amerikansk dollar til fjordhestens ve og vel kvar gong vi sel ei standard 50 cl-flaske. I tillegg set vi av 1 krone for kvar miniflaske (20 cl).

Totalen vart 175.000,- kroner til fordeling no i 2021.

Donasjonar også til utlandet

Alle mottakarane av årets midlar har sørga for framifrå marknadsføring av fjordhesten, stimulert til bruk av fjordhesten blant unge, og bidratt til å sikre ei framtid for den raudlista nasjonalskatten vår.

Nytt av året er at også aktørar utanfor landets grenser blir tildelt gåve. At flinke miljø i utlandet alar opp og held seg med fjordhestar er ein massiv styrke for fjordhesten og arten sin genpool.

Følgande organisasjonar er årets verdige mottakarar:

  • Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid - 50.000 (til innkjøp av Mirakel, eit sjeldan gulblakk hoppeføll)

  • Valfaget “dyreassistert terapi og assistanse” ved Universitetet i Bergen/Høgskulen i Vestland - 50.000 (koordinert av Sudmann hest og helse, Rådal)

  • Drammen og omegn rideklubb og Nedre Buskerud Fjordhestlag - 20.000 (arrangørstøtte til Fjordhest-NM 2021)

  • Norges Fjordhestlag - 20.000 (premiepengar til Hingsteutstillinga 2022)

  • Voss Fjordhestlag - 10.000 (støtte til aktivt lokallag; midlar til kurs eller andre aktivitetar)

  • Trøndelag Fjordhestlag - 10.000 (støtte til aktivt lokallag; midlar til kurs eller andre aktivitetar)

  • Fjordhest-gard Hoenderloo - 10.000 (rideskule i Nederland: 40 års historie som dyktige fjordhestambassadørar)

  • Greenfield’s Stud, Karen Grønen, New South Wales - 10.000 (fjordhestoppdrettar i Australia: Engasjert ambassadør med 21 fjordhestar på stall)

  • Norges Fjordhestlag - 2.500 (spleis-kampanje: Streamingteneste under Hingsteutstillinga 2021)


7500,- vart overført frå potten i fjor til utdeling no i 2021.

Her kan du lese om bakgrunnen for Fjording AS sitt engasjement overfor fjordhesten.


Toppbilde: Hingsten Årøy Eilif, av Norges Fjordhestlag