Produksjonsmusikk

For eitt år sidan hadde Fjording lanseringsfest i Loen. Ein fantastisk aften på fjellet Hoven.

Som ein del av underholdninga hadde eg laga ein låt som eg framførte på scena. Ein coverversjon av Chris Stapleton sin “Tennessee Whiskey”. På nynorsk vart dette til “Ekte konnjøl” (korn-øl for dei som måtte vere usikre - ein lokal tradisjonsdrikk i Fjordane).

Låta var ein hyllest til min kjæraste, Mariann. Som takk for at ho lot meg prøve meg på gründerdraumen. "The Dream of Nordic Cream”.

I etterkant har Jann og Magne på brenneriet etterlyst ei innspeling av låta. Dei meinte at takta i låta, 72 slag per minutt, var perfekt som bakgrunnsmusikk når dei produserer Fjording. At det ville bli enklare å finne riktig røre-frekvens med Ekte konnjøl på høgtalaranlegget.

Så etter langvarig press, hehe, har eg no sørga for å spele inn låta i Fjording sitt heimesnikra studio.

Musikken er ikkje berre røre-vennleg, den kan også passe til klinedans og allsong. Difor er vi rause og deler den også utanfor fabrikklokala :)

Komp, mixing og video av multikunstnar Ole Tom Risøy.

Her er teksten:

Ekte konnjøl

Eg sat jamnt og drakk i baren
Kjærleik fann eg kun i alkohol
Men eg trefte aldri botnen
Du lokka meg inn før eg ramla av min stol

Du er god som ekte konnjøl
Du er sterk som heimbrenten min
Du er søt som eit glas med fjording
Kjære, eg flyte fint på kjærleiken din

Flørting fekk eg aldri dreis på
oddsen tapte seg for kvart eit krus
Så kom du, eg korka flaska
For det der smilet, gir den aller beste rus

Du er god som ekte konnjøl
Du er sterk som heimbrenten min
Du er søt som eit glas med fjording
Kjære, eg flyte fint på kjærleiken din